tirsdag 29. mai 2012

Tur til Herdla

I helga var vi på kajakktur til Herdla, eller Herdlo, heilt ytst på Askøya. Vi starta turen i sjutida søndagskvelden, i eit fantastisk flott ver! Full sol, og pittelitt vind i mot. Etter tre timar i kajakksetet fann vi ein holme med ei fin stø, og ein flott teltplass. Midtøyna. Her var det eit flott dyreliv, og vi såg skyttergrav etter 2. verdskrig.
Vi åt ein god kveldsmat og fekk fyrt i eit bål, eigentleg berre for å fyre opp eit bål.. Når klokka bikka midnatt pakka vi oss godt ned i soveposane. Det vart ikkje mykje søvn, for vinden auka i løpet av den første timen og ruska godt i teltet.

Vekkerklokka ringte 07.00, akkurat passe tidleg. Vinden var vel på det meste ein liten kuling, heldigvis rett i ræva. Vi la utpå litt over 08.00, og vart raskt godt hjulpne av vinden og bårene. Vi fekk leika med dei største bårene, surfa og herja. Det anbefalast! :) Her fekk vi verkeleg testa kajakkane, og no er begge svært godt fornøgde!
Totalt fekk vi lagt bak oss 40 km, noko som er ei forventa dagsetappe. Kroppane kjennest ikkje altfor stive ut i dag, så vi håper og trur at dette skal gå!

Vi kan konstatere at "heim i medvind" er det aller, aller kjekkaste!

Her er nokre bilder frå turen..

Leirplassen


Nydeleg utsikt!



På veg heimatt.



Poserar ved det nye teltet, Black Diamond Skylight.

Framskunda start

Hei!
Tidlegare hadde vi tenkt å leggje ut på havet rundt 20. juni, men no ser det ut for at  reisa blir framskunda med ca. ti dagar. Endeleg dato er ikkje sett, men 10. juni +-2 dagar ser det ut for at det blir. Jo før, jo heller! Men det er fortsatt ein del som skal på plass før vi kan ta laust..

Hadet.

tirsdag 15. mai 2012

Eksamensstress!

Heisann! Tida for eksamen er i full gang, det merkast på kropp og sinn. Treninga har ikkje vore optimal, for å seie det sånn! Hadde nok sett for oss litt meir aktivitet i kajakkane, men tida strekk rett og slett ikkje til. 

Kajakken til Ove er hjå Nemo for å tette skotta (lek litt inn i lasteromma frå cockpiten), medan Vegard har bestemt seg for å bytte kajakk. Han følte seg rett og slett ikkje trygg nok når bølgjene drog seg til. Prøvde kajakken til Ove, og vart "frelst". Makan til stabilitet! Både byttinga og reparasjonen har no teke tre veker, men dei er no klare til å hentast. Sjølv om det har teke litt tid, så må vi igjen rose Nemo kajakk og Dykkersenter for svært god service!

Vi har ordna gode avtalar med forskjellege forhandlarar, der vi har fått mykje fint utstyr som vi vil ha nytte av på turen. Vi testar utstyret og legg att tilbakemeldingar etterkvart.

Vegard har eksamen i morgon, difor blir ikkje det skreve meir i kveld.
Over og ut!

fredag 17. februar 2012

På rett kjøl

Heisann, godtfolk!
Det er ei stund sidan siste innlegg, så vi tenkte det var på tide med ei oppdatering..

No har endeleg treninga byrja å bli rutine i kvardagen igjen. Det er godt! Hovedfokuset på treningane framover er sjølvsagt overkroppen, men me prøver å leggje inn øvingar der dei store muskelgruppene får køyrd seg. Me har blitt anbefalt å køyre tunge øvingar, med få repitisjonar, og kondisjonsøkter for større kapasitet.
Vi har stor tru på at bla. kettlebells gjev rett trening til vårt formål, inspirert av Per Helge Fjørtoft.

Denne helga er Ove og Ingvill i Riga, medan Vegard får besøk av ein god kompis frå Åmot i Gausdal. Det skal bli kjekt for alle partar :)

Over og ut!

søndag 22. januar 2012

Stiv og støl

Då er årets første trening gjennomført. Det var både godt og vondt. Vi starta laurdagen med ei solid spinningøkt, etterfulgt av litt vektløfting. Søndag skulle brukast til padling, så vi tenkte markløft var greitt å prøve seg på. Vi gjekk sikkert for hardt ut, for resultatet vart ein øydelagt rygg for den eine, og stive tømmerstokkar for den andre. Skuffelsen var stor då planen om padling i dag utgjekk pga. dette, spesielt kjedeleg når det var så fint vèr! Det er ikkje kvar dag det er sånne dagar her i Bergen..

Vi trøystar oss med at det kjem nye sjansar for ei ny tokt!

mandag 9. januar 2012

Godt nytt år, godtfolk!

O'hoi! 2012 er her! :)

Det nye året har starta, og vi har på følelsen at det vert eit knallår, med sjøsprøyt og nokre hundre tusen padletak!
Det er no forma til turen skal spissast, og vi ser fram til ein vår med mykje trening! Vi veit kva trening som skal til, det er berre å kome i gang.
Det viktigaste framover blir å padle mykje så vi får terpa teknikk, både effektiv padleteknikk og kameratredning. Eskimorulla SKAL mestrast!

Vi er fortsatt på jakt etter utstyr frå forskjellege leverandørar. Så langt har vi fått både positive og negative tilbakemeldingar.

Håper på å skrive innlegg jamnt og trutt framover, så følg med, landkrabber!

torsdag 1. desember 2011

Hiv og Hoi piratar!

Jaja, skip O'hoi!
No har vi starta blogg og greier.

Dette er starten på ei røvartokt vi seint vil gløyme.
Til sommaren skal vi (Vegard og Ove) padle frå Bergen til Fjørtofta, perla på Sunnmøre. Dette blir særs spanande, i og med at ingen av oss har padleerfaring frå før av. Men, det meste av utstyret er innkjøpt, så no er det for seint å snu.

Idèen til galskapen var det Ove Otterlei (24) som stod bak, og etter ein del overtaling gav Vegard Otterlei (23) etter for presset. Blikkstillt hav i nydelege solnedgangar, nordavind og slit motstraums, samt godt kameratskap er opplevingar ein ikkje kan gå glipp av.

Vi har vore i kontakt med mange ulike produsentar angåande sponsing til turen. Desse vil få sin plass på sida, og vi kjem til å skrive om dei ulike produkta vi nyttar på turen.

Bli med oss vidare i medvinden. Legg gjerne igjen ein kommentar, då blir vi glade.

Skip O'hoi!