tirsdag 29. mai 2012

Tur til Herdla

I helga var vi på kajakktur til Herdla, eller Herdlo, heilt ytst på Askøya. Vi starta turen i sjutida søndagskvelden, i eit fantastisk flott ver! Full sol, og pittelitt vind i mot. Etter tre timar i kajakksetet fann vi ein holme med ei fin stø, og ein flott teltplass. Midtøyna. Her var det eit flott dyreliv, og vi såg skyttergrav etter 2. verdskrig.
Vi åt ein god kveldsmat og fekk fyrt i eit bål, eigentleg berre for å fyre opp eit bål.. Når klokka bikka midnatt pakka vi oss godt ned i soveposane. Det vart ikkje mykje søvn, for vinden auka i løpet av den første timen og ruska godt i teltet.

Vekkerklokka ringte 07.00, akkurat passe tidleg. Vinden var vel på det meste ein liten kuling, heldigvis rett i ræva. Vi la utpå litt over 08.00, og vart raskt godt hjulpne av vinden og bårene. Vi fekk leika med dei største bårene, surfa og herja. Det anbefalast! :) Her fekk vi verkeleg testa kajakkane, og no er begge svært godt fornøgde!
Totalt fekk vi lagt bak oss 40 km, noko som er ei forventa dagsetappe. Kroppane kjennest ikkje altfor stive ut i dag, så vi håper og trur at dette skal gå!

Vi kan konstatere at "heim i medvind" er det aller, aller kjekkaste!

Her er nokre bilder frå turen..

Leirplassen


Nydeleg utsikt!



På veg heimatt.



Poserar ved det nye teltet, Black Diamond Skylight.

Framskunda start

Hei!
Tidlegare hadde vi tenkt å leggje ut på havet rundt 20. juni, men no ser det ut for at  reisa blir framskunda med ca. ti dagar. Endeleg dato er ikkje sett, men 10. juni +-2 dagar ser det ut for at det blir. Jo før, jo heller! Men det er fortsatt ein del som skal på plass før vi kan ta laust..

Hadet.

tirsdag 15. mai 2012

Eksamensstress!

Heisann! Tida for eksamen er i full gang, det merkast på kropp og sinn. Treninga har ikkje vore optimal, for å seie det sånn! Hadde nok sett for oss litt meir aktivitet i kajakkane, men tida strekk rett og slett ikkje til. 

Kajakken til Ove er hjå Nemo for å tette skotta (lek litt inn i lasteromma frå cockpiten), medan Vegard har bestemt seg for å bytte kajakk. Han følte seg rett og slett ikkje trygg nok når bølgjene drog seg til. Prøvde kajakken til Ove, og vart "frelst". Makan til stabilitet! Både byttinga og reparasjonen har no teke tre veker, men dei er no klare til å hentast. Sjølv om det har teke litt tid, så må vi igjen rose Nemo kajakk og Dykkersenter for svært god service!

Vi har ordna gode avtalar med forskjellege forhandlarar, der vi har fått mykje fint utstyr som vi vil ha nytte av på turen. Vi testar utstyret og legg att tilbakemeldingar etterkvart.

Vegard har eksamen i morgon, difor blir ikkje det skreve meir i kveld.
Over og ut!