Kajakkane våre

Vegard har kjøpt Tahe Marine Oceanspirit.
Dette er ein solid kajakk, med god plass til bagasje. Først vart det kjøpt ein Tahe Marine Wind Solo 505, men denn vart bytta etter nokre turar fordi Vegard ville ha ein meir stabil og lengre kajakk. Vi skal tross alt krysse Sognefjorden, blandt andre, og ikkje minst rundt Stadt. Denne er ein del breiare, derav meir stabil. Den er også nesten 20 cm lengre, så det blir (forhåpentlegvis) litt lettare å halde marsjfart. Cockpiten er stor, og eigentleg meint for litt større karar, men det blir nok ikkje noko problem.

Spesifikasjonar:

Materiale: Kompositt/glasfiber
Cockpit: 88cm x 44cm.
Lengde: 523 cm.
Breidde: 58 cm.
Eigenvekt: 26kg.
Farge: Kvit med raude striper.





---------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ove har kjøpt SeaBird Expedition 527.
Denne er forholdsvis stor, men trass dette er den lettpadla.
Kajakken har god lasteplass, heile 150 kg.
Skuta er raud og kvit, rett nydeleg!
Denne modellen er eigentleg ein ekspedisjonskajakk, derav størrelsen. Men den er og fin til dagsturar!
Spesifikasjonar:

Materiale: Glasfiber/kevlar/karbon
Cockpit: 80cm x 40cm
Lengde: 527 cm
Breidde: 59 cm
Djupne: 33cm
Eigenvekt: 24kg

Den har to store lasterom (framme og bak), eit lite matrom rett bak cockpiten. Og sist men ikkje minst, den har fiskestanghalder!


Enn så lenge er Ove godt nøgd med denne kajakken og ser fram til utallige timar i setet!