torsdag 21. juni 2012

Dag 10

HEIME!!! :D 

No er det på tide å oppdatere status her, eigentleg altfor seint. Vi starta frå Flø klokka halv eitt i går føremiddag. Vi sette kursen mot Godøya, der vi inntok eit betre måltid. Vi hadde avtalt å vere i Ålesund rundt 17.00. Der skulle familien til Ove stå og vente. Vi runda Skateflua 16.45, godt i rute. Her venta også sunnmørsposten til eit lite intervju. Randi, mor til Ove, spanderte på oss chips og svinemør, og softis til dessert. Takk! :)
Vi tok farvel med familie og Ålesund rett før 19.00, og skulle eigentleg overnatte på Lauka, eller nærmare Fjørtofta om mogleg. Etter stopp på Store Kalvøy og Hestøya vart vi einige om å setje kursen rett heimatt. Vi hadde nemleg fretta at veret skulle snu allereie klokka 06.00 og blåse opp i liten kuling rett i mot.
Sjeldan er himmelen så flott og fin som han var i gårkveld/natt (bilete kjem). Veret var heilt perfekt, og vi kunne ikkje fått ei betre avslutning på turen. Ottar og Emil fylgde oss i båt frå Rogneholmen, og på land venta familie, kjæraste og vener. Det var laga målplakat, laurbærkrans og kjøpt inn sjampis. Takk, Randi! :)

Kunne ha venta med ankomsten til i dag, torsdag, slik at fleire kunne ha fått med seg målgangen, til dømes mor mi, men vi tok rett og slett ikkje sjansen. Dagens etappe vart då på ca. 50 km. Dette vil seie at vi har brukt 10 dagar på turen, der 3 av dagane har vore tvungne kviledagar på grunn av veret. Vi er utruleg godt nøgd med dette!
Vi har hatt ein heilt fantastisk tur! Vi kjem til å leggje ut ein del bilete, og kanskje nokre videosnuttar, slik de kan få eit godt inntrykk av korleis vi har hatt det! Tusen takk til alle som har fylgd med oss, håper blogginga har vore ok, sjølv med tekniske problem til tider. Kom gjerne med spørsmål/kommentarar, så skal vi svare så raskt og godt som mogleg!

Takk for ein fantastisk tur, Ove, og til dykk andre som har "reist"  i lag med oss !! :D
Ålesund

Ottar, Ove, Randi, Anette og Emil.



Fjørtofta i sikte! 

tirsdag 19. juni 2012

Fortsettelse dag 9

No har vi endeleg komne ned i soveposane! Me befinn oss på Flø, rett sør for Breisundet og Godøya. Klokka er no nesten halv fem på natta. Målet for dagen vart nådd, sjølv med ÅTTE timar venting på Sandsøya! Fornøgd med det, men denne sisteetappa tok på.. No gjel forresten hanen her ;)Har ikkje sett noko mål for morgondagen, men vi padlar så langt vi orkar, for minst mogleg nordavind på torsdag. Takkar for denne flotte dagen, og seier god natt til alle (som garantert søv no) :)

Dag 9

Då har vi vore på Sandsøya i nøyaktig 7 timar i håp om at vinden igjen skal løye. Har blåst frisk bris, og det tykkjer vi er i grenseland. Turen hit frå Leikanger gjekk heldigvis bra. Det vart mykje vind, og ein del sjø. Det vart en del spenning i kroppen, men vi unngjekk dramatikk. No skal vi snart padle av stad med Moltustranda som første del av etappa, deretter padlar vi vidare til Flø. Her kjem vi til å sove litt, før vi kryssar Breisundet. Rekner med å vere i Ålesund på føremiddagen i morgon. Dette vil seie at vi har sjans til å nå heimatt seint onsdagskveld. Tida vil vise om vi satsar på dette.

mandag 18. juni 2012

Dag 8 fortsetter

Vi drog frå Måløya litt før klokka seks, etter å ha vaska skroget på det flotte sanitæranlegget ved gjestehamna. Turen gjekk då vidare til Silda, der vi hadde ei god matpause. Dagane går stort sett til padling og eting. Kan forsikre alle heime om at Stadten er passert, dog med bil som framkomstmiddel. Her må vi takke Jan for turen, dette sette vi stor pris på! No ligg vi i Leikanger, og om 2 km kryssar vi fylkesgrensa til vårt kjære heimfylke, Møre og Romsdal! :D I morgon padlar vi så langt vi kjem, håper på å nærme oss Flø. Då ynskjer vi alle ei god natt! Helsing frå piratane i det gule teltet! Over og ut herifrå.

Dag 8

Ja, då er vi endeleg i/på Måløya! :D Har padla gjennom Skatestraumen, halve i går og resten i dag. I går var den nok verst, men alt i alt har vi sikkert vore heldige med den kneika. No sit vi i venterommet på hurtigbåtkaia for å lade telefonane våre. Kjem til å padle til Selje i dag, der vi blir svippa over med bil til Åheim. Vermeldingane rundt Stadt er ikkje særleg gode, og vi vil ikkje ta nokon sjansar. Ny oppdatering kjem i kveld/natt.

søndag 17. juni 2012

Fortsettelse dag 7

Vi drog frå Gulestø i femtida, og padla vidare til Hennøya. Her hadde vi ei pause på ca. ein time før vi skvetta oss vidare til Klubben, rett nedom Hornelen(nordsida). Vi flaug i medvinden og gjorde unna 8 km på ein liten time, og brukte ca. ein halvtime på siste kilometeren, stampa då i ein dei av dei verste straumane til no! Trur nok toppfarta vår i dag var på 6-7 knop. Då er det kjekt å padle! :)
Lite batteri her, god natt!

Dag 7

I dag starta vi etappa frå Seljestokken, og har no hatt første pausa vår i Gulestø. Her har vi slappa godt av i godt lag med Anne Randi og Kåre. Dei bor her i Gulestø, der Kåre har teke over garden. No sit vi i eit hus frå 1750-talet, kjempekoseleg! Har fått servert kaffe og M&M. Kjekt med så hyggelege folk!
Nettet her er diverre for treigt til å leggje ut bilete, men vi bloggar i alle fall frå ein pc no, endeleg! :)

Vi legg snart ut med Hennøya som første mål, deretter Hornelen som tredje etappe i dag. Får sjå an veret om vi går opp, skydottane heng godt nedover fjellet no.
Har vinden i ryggen i dag, meeget oppegåande! :D

lørdag 16. juni 2012

Dag 6

I dag starta dagen med at vi forsov oss eit par timar. Men søren heller, det er då ferie! :) Vi kryssa to fjordar på første etappe, Stongfjorden og Stavfjorden. Sistnemde var laaang, følte vi aldri kom fram, litt pga motstraum. Vi ankom Tansøy og inntok eit måltid beståande av pølse med brød! :) Det var ein liten landhandel der, så vi fekk handla litt, og lada telefonane. Vidare padla vi til Florø. Ikkje mykje anna å seie om dette enn at vi stoppa for å ete middag. Padla litt til, og no ligg vi på Seljestokken ved eit stort pukkverk. Heldigvis er det søndag i morgon.. Det har vore tilnærma perfekte vindforhold, dvs. nesten ikkje vind i det heile. For dette måtte vi tydlegvis ofre sola. Det har vore overskya heile dagen, og godt med regn no i kveld. Koselege lydar i teltet! Totalt har vi padla ca. 45 km i dag, ca. 7 effektive padletimar. Hornelen er målet for morgondagen. Ikkje så langt å padle, men Frøysjøen kan vere tøff. God natt! :)

fredag 15. juni 2012

Dag 5 fortsetter..

No er klokka 03.00, og vi har akkurat komt på plass i teltet. Vi har slått leir på motsett side av Askvoll, Atløyna. Vi har hatt Alden, eller Norskehesten i syne sidan i dag formiddag. Solnedgangen med utsikt mot Værlandet var heilt fantastisk!! Satsar på at bilete kjem. Vi har ikkje noko endeleg mål for morgondagen, men vi skal forbi Florø! Då sei vi god natt herifrå! :)

Dag 5

I dag kom endeleg dagen der vi fekk krysse Sognesjøen! Vi jobba i god motvind og motstraum heile vegen over. Ellers var det uproblematisk. Når vi kom fram til Krakhellesundet åt vi lunsj. Klokka var då halv ni, og vi hadde brukt nesten tre timar på ei mil!!! Ikkje bra! Vi kom i prat med ein hyggeleg mann, Magnus, som kunne meddele både livshistoria si, samt tips til turen videre. Klokka eitt steig vi igjen ned i kajakkane for å fortsette til Korssundet. Igjen måtte vi til land då det så vidt gjekk framover.. Vi hadde akkurat komt i land då vi høyrde to korte støyt frå eit horn. Gleda var stor då vi såg at dette var Rofisk, brønnbåten som Ottar, far til Ove jobbar på. Ove padla dei i møte, og fekk eit kjært gjensyn med far sin. På land igjen hadde han fått med eit nett med mat og SØTSAKER! No er vi altså gode og mette, og ventar på at vinden gjev seg, igjen!Håper på å nå Askvoll i kveld, minst! Vi har det godt! :)

torsdag 14. juni 2012

Dag 4

Vind, sol og vind...


Atter ein dag er vi skipsbrotne på grunn av vinden. Det har blese stiv kuling heile dagen, så å krysse Sognefjorden har vore uaktuelt. Vi sov til klokka var elleve, og åt ein god frukost. Seinare på dagen vart vi igjen intervjua på direkten av NRK. No har vi vore på ein fisketur ved Dingjavatnet, som er ca. 7 km langt og 200 meter djupt på det djupaste. Fekk oss nok fisk til ein solid kveldsmat (supplert med real turmat). Dette smakte heilt nydeleg! Etter vermeldingane skal vinden spakne utover natta, så vi tek sikte på å padle i sekstida i morgontidleg. Vi er rastlause no! Kroppane er ikkje sletne i det heile, berre klare for å kome seg heim! No står Ove og dusjar, og eg ventar på min tur. Luksus! Men det trengs.. Vi prøver å leggje ut så mange bilete som mogleg, men dårleg nett får ta skulda for mangelen. I tillegg oppfører begge mobilane våre seg rart når vi skal blogge, så nokre rare ord i ny og ne må de berre tole.. God natt, alle saman! :)

onsdag 13. juni 2012

Dag 3

Dagen i dag starta med ein god frokost og planlegging av kart og korleis dagen skulle bli. Dette blei gjort på ein plass som heiter Sollibotnen. Sollibotnen ligg rett nord-vest for Eivindvik. 
Før vi drog frå Sollibotnen, kom det eit par padlande i kano. Dette viste seg å vere to kjekke folk som bur i Eivindvik. Svein Vidar og Stine. Dei hadde vore ute på Skjerjehamn og sett på statua av den staute Kong Olav. (som vi forøvrig har gått glipp av).
Vi lurte på kor den nærmaste butikken var, og dei forklarte korleis vi skulle komme oss dit. Det som det endte opp med, var at Svein Vidar ville køyre oss til Eivindvik slik vi fekk handle litt småkjaffs. Dette sette vi utruleg stor pris på!:) Takk til begge dei!:)

Vi starta å padle rundt kl 1300 frå Sollibotnen. Vi fekk, igjen, vinden midt i fleisen. Vi padla i litt over ein time, og på den timen padla vi ca 4 km. Det var rett og slett for mykje vind. Ut frå dei vurderingane vi tok, så padla vi inn i ei bukt som heitte Små Vågane. Der va planen og søke ly og vente på at vinden skulle løye.
Når vi hadde kome i land var pri 1 å lade telefonane våre. Dette er først og fremst med tanke på sikkerheita, og slik vi kan gi ein lyd heimover. Og sjølvsagt blogge!;)
Vi hadde ikkje sett eit einaste hus som vi kunne spørje om vi kunne få lade telefonane våre. Vi måtte nemleg lade i hus då solcelle-panelet vårt var heilt tom for batteri.
Etter eit par kilometer ned trasking kom vi til ein fantastisk plass som heiter Dingja. Ein plass vi absolutt vil anbefale å reise til.
Her var ein butikk som er dreven av Åse Vatne. Ei fantastisk kjekk og sprudlande dame. Ho tok gjerne i mot telefonane og sette dei på lading. Vi fekk og kvar sitt  pizzastykke. (som smakte heilt  nydeleg). Ikkje nok med det, ho ville køyre oss bort igjen til Små Vågane der vi hadde lagt til med kajakkan
All den gjestfriheita sette vi stor pris på. Takk til Åse!:)

No var det å vente på at den vinden skulle gi seg. Det har gått i mykjw soling, disking og avslapping i dage

Klokka var 0000, sola hadde gått ned, vinden hadde så vidt løya og vi fekk trua på å krysse Sognesjøen på ny. Vi it frå Små Vågane, vi stampa fortsatt i motvind (og slik det er sagt, det går seint!!). Vi kom forbi Dinganeset, og håpte på å sjå ein rasteplass øitt lengre framme. Men det viste seg å vere vabskeleg. Det endte opp med at vi snudde og padla inn til Dingja. Her er en gylden refel som gjeld,  "Det er inga skam å snu".

Go natt her frå oss tocgutta!:)

Verfast

Den nordavinden...


Hiv'o hoi landkrabber!
Vi starta dagen i dag frå Solliboten i god tru om at vi fekk kryssa Sognesjøen i dag. Men det viste seg å bli berre me trua. Endå vi er voldsomt gode i trua!;)
Vi padla frå Solliboten omlag kl 13. Det tok oss ein god time før vi kom til "Små vågane" rett sør for Dingja. Her går det i soling og ventig.

Vi har det eller tipp topp og ved godt mot!:)
Vi har og litt problem med batteri på telefonane våre, så vi bloggar så mykje vi kan. Håper på eit nytt innlegg i kveld om dagens hendelsar.

tirsdag 12. juni 2012

Solbrend og motstraum

Dette er stikkorda for dagen. Likevel har vi lagt bak oss ca. 30 km, utan at vi kan måle det nøyaktig.. Har kjempa mot Fonnesstraumen, me vann! Vi er no rett nordvest for Mongstad, på ein holme. Her har vi ete Chili con carne og kylling i karrisaus, gode og mette! Skal krysse Fensfjorden om ein halvtime. Veret er fint, så det skal gå berre bra! Oppdatering kjem! :) Ha ein fin tirsdagskveld!

mandag 11. juni 2012

Fortsettelse dag 1

No har vil lagt øss godt til rette i soveposane for andre gong på turen. Dagen i dag hatt vore heilt fantastisk! Starta frå flatøya klokka eitt, og har hatt strålande solskin heile vegen! Begge er litt solbrend i trynet. Vegard har anlagt skjegg for anledninga, så skillet blir artig å sjå etterkvart :) Vi åt lunsj rett sør for Allværstraumen, der vi fiska og vart direkteintervjua på radio av NRK Møre og Romsdal. Ove tok seg fint av den biffen! Turen gjekk vidare opp Allværsundet. Dette er ein fantastisk fin plass, med idylliske holmar og eit og anna sommerhus. Vi åt middag/kvelds på Lysknappen, i ei godt tilrettelagt privat fjøre. Vi var ikkje verre på det enn at vi heiv kajakkane på land der likevel.. Etter kvart kom eigaren ned til oss, og vi prata om laust og fast i ein god halvtime. Vi la utpå igjen klokka elleve, ville padle nokre kilometer til. Vi er no begge einige om at dei siste tre timane har vore av dei finaste opplevingane vi har hatt på havet! No ligg vi på Lurøyna, ikkje langt frå Mongstad, godt i rute! :)

søndag 10. juni 2012

Dag 1

Hei å hå folkens!

Vi starta ferda vår frå Vågen i Bergen kl. 22.30.
På kaia var det kjente å kjære som møtte opp for å ønskje oss lykke til på ferda. Dette sette vi pris på!:)
No har vi padla i fire timar og har lagt bak oss omlag to mil. Med andre ord har det ikkje gått alt for fort med oss. Vi valde å ta ein roleg start. Vi har nytt starten på denne flotte reisa vi har gitt oss ut på!:) Solnedgang fekk vi sjå, mykje god havluft, til og med medvinden fekk vi med oss. Altso, ein kjempe start.
No har klokka bikka 4, så no skal vi finne fram soveposane, få i oss mat og sove godt.
Vi har slått leir på en liten holme rett nord for Frekhaug.
Her fekk vi ein mindre varm velkomst av eit tjeldepar som våka over ungane sine. Og det var ikkje måte på til kvitring rundt om her!:p

Nytt innlegg kjem i morgon. God natt!:)

lørdag 9. juni 2012

Snart avreise!!

Folkens! No er det berre timar igjen til vi legg ut på havet!! :)
Alt utstyr er på plass, det gjeld berre å pakke det godt og fornuftig. Her er det viktig å tenkje praktisk. Lurer på om vi får plass til alt.. Dagen i dag har vore ganske hektisk, der størstedelen av tida har gått til utskriving og laminering av sjøkart.

Vi tenkjer å starte første etappa litt roleg. Planen er å starte i Bergen sentrum på kvelden, og vi padler til området rundt Radøy, ca 35 km frå Bergen. Vermeldingane ser greie ut dei første dagane, men det ser ut for at nordavinden dreg seg til seinere i veka. Ser gjerne at denne dreier 180 grader ;)
No ventar ei god natts søvn i ei god og mjuk seng, deretter vert det telt og sovepose ei god stund framover.
Me gler oss!