torsdag 21. juni 2012

Dag 10

HEIME!!! :D 

No er det på tide å oppdatere status her, eigentleg altfor seint. Vi starta frå Flø klokka halv eitt i går føremiddag. Vi sette kursen mot Godøya, der vi inntok eit betre måltid. Vi hadde avtalt å vere i Ålesund rundt 17.00. Der skulle familien til Ove stå og vente. Vi runda Skateflua 16.45, godt i rute. Her venta også sunnmørsposten til eit lite intervju. Randi, mor til Ove, spanderte på oss chips og svinemør, og softis til dessert. Takk! :)
Vi tok farvel med familie og Ålesund rett før 19.00, og skulle eigentleg overnatte på Lauka, eller nærmare Fjørtofta om mogleg. Etter stopp på Store Kalvøy og Hestøya vart vi einige om å setje kursen rett heimatt. Vi hadde nemleg fretta at veret skulle snu allereie klokka 06.00 og blåse opp i liten kuling rett i mot.
Sjeldan er himmelen så flott og fin som han var i gårkveld/natt (bilete kjem). Veret var heilt perfekt, og vi kunne ikkje fått ei betre avslutning på turen. Ottar og Emil fylgde oss i båt frå Rogneholmen, og på land venta familie, kjæraste og vener. Det var laga målplakat, laurbærkrans og kjøpt inn sjampis. Takk, Randi! :)

Kunne ha venta med ankomsten til i dag, torsdag, slik at fleire kunne ha fått med seg målgangen, til dømes mor mi, men vi tok rett og slett ikkje sjansen. Dagens etappe vart då på ca. 50 km. Dette vil seie at vi har brukt 10 dagar på turen, der 3 av dagane har vore tvungne kviledagar på grunn av veret. Vi er utruleg godt nøgd med dette!
Vi har hatt ein heilt fantastisk tur! Vi kjem til å leggje ut ein del bilete, og kanskje nokre videosnuttar, slik de kan få eit godt inntrykk av korleis vi har hatt det! Tusen takk til alle som har fylgd med oss, håper blogginga har vore ok, sjølv med tekniske problem til tider. Kom gjerne med spørsmål/kommentarar, så skal vi svare så raskt og godt som mogleg!

Takk for ein fantastisk tur, Ove, og til dykk andre som har "reist"  i lag med oss !! :D
Ålesund

Ottar, Ove, Randi, Anette og Emil.



Fjørtofta i sikte! 

tirsdag 19. juni 2012

Fortsettelse dag 9

No har vi endeleg komne ned i soveposane! Me befinn oss på Flø, rett sør for Breisundet og Godøya. Klokka er no nesten halv fem på natta. Målet for dagen vart nådd, sjølv med ÅTTE timar venting på Sandsøya! Fornøgd med det, men denne sisteetappa tok på.. No gjel forresten hanen her ;)Har ikkje sett noko mål for morgondagen, men vi padlar så langt vi orkar, for minst mogleg nordavind på torsdag. Takkar for denne flotte dagen, og seier god natt til alle (som garantert søv no) :)

Dag 9

Då har vi vore på Sandsøya i nøyaktig 7 timar i håp om at vinden igjen skal løye. Har blåst frisk bris, og det tykkjer vi er i grenseland. Turen hit frå Leikanger gjekk heldigvis bra. Det vart mykje vind, og ein del sjø. Det vart en del spenning i kroppen, men vi unngjekk dramatikk. No skal vi snart padle av stad med Moltustranda som første del av etappa, deretter padlar vi vidare til Flø. Her kjem vi til å sove litt, før vi kryssar Breisundet. Rekner med å vere i Ålesund på føremiddagen i morgon. Dette vil seie at vi har sjans til å nå heimatt seint onsdagskveld. Tida vil vise om vi satsar på dette.

mandag 18. juni 2012

Dag 8 fortsetter

Vi drog frå Måløya litt før klokka seks, etter å ha vaska skroget på det flotte sanitæranlegget ved gjestehamna. Turen gjekk då vidare til Silda, der vi hadde ei god matpause. Dagane går stort sett til padling og eting. Kan forsikre alle heime om at Stadten er passert, dog med bil som framkomstmiddel. Her må vi takke Jan for turen, dette sette vi stor pris på! No ligg vi i Leikanger, og om 2 km kryssar vi fylkesgrensa til vårt kjære heimfylke, Møre og Romsdal! :D I morgon padlar vi så langt vi kjem, håper på å nærme oss Flø. Då ynskjer vi alle ei god natt! Helsing frå piratane i det gule teltet! Over og ut herifrå.

Dag 8

Ja, då er vi endeleg i/på Måløya! :D Har padla gjennom Skatestraumen, halve i går og resten i dag. I går var den nok verst, men alt i alt har vi sikkert vore heldige med den kneika. No sit vi i venterommet på hurtigbåtkaia for å lade telefonane våre. Kjem til å padle til Selje i dag, der vi blir svippa over med bil til Åheim. Vermeldingane rundt Stadt er ikkje særleg gode, og vi vil ikkje ta nokon sjansar. Ny oppdatering kjem i kveld/natt.

søndag 17. juni 2012

Fortsettelse dag 7

Vi drog frå Gulestø i femtida, og padla vidare til Hennøya. Her hadde vi ei pause på ca. ein time før vi skvetta oss vidare til Klubben, rett nedom Hornelen(nordsida). Vi flaug i medvinden og gjorde unna 8 km på ein liten time, og brukte ca. ein halvtime på siste kilometeren, stampa då i ein dei av dei verste straumane til no! Trur nok toppfarta vår i dag var på 6-7 knop. Då er det kjekt å padle! :)
Lite batteri her, god natt!

Dag 7

I dag starta vi etappa frå Seljestokken, og har no hatt første pausa vår i Gulestø. Her har vi slappa godt av i godt lag med Anne Randi og Kåre. Dei bor her i Gulestø, der Kåre har teke over garden. No sit vi i eit hus frå 1750-talet, kjempekoseleg! Har fått servert kaffe og M&M. Kjekt med så hyggelege folk!
Nettet her er diverre for treigt til å leggje ut bilete, men vi bloggar i alle fall frå ein pc no, endeleg! :)

Vi legg snart ut med Hennøya som første mål, deretter Hornelen som tredje etappe i dag. Får sjå an veret om vi går opp, skydottane heng godt nedover fjellet no.
Har vinden i ryggen i dag, meeget oppegåande! :D