Om oss

Vegard Otterlei:
Vegard Otterlei er født i det vakre året 1988. I dette året vart han fødd i ein vårmånad, Mars, og på den 17 dagen ut i denne månaden kom denne herlige guten til Tellus.
Vegard rova 179 over marka! Han har og akkurat tatt ny rekord i kroppsvekt, 76 kg viste det på vekta. Dette var noko han sjølv vart noko overraska over!:)
I frå gamle dage av, har Vegard vore ein aktiv gutfant! Fotball, fiske, ski (både bortover og nedover) og generell friluft (og havluft) er noko denne guten sette stor pris på!
Vegard har foruten bil, dette er ein Mazda 323. Hadde det ikkje vore for dette framkomstmiddelet, hadde vi hatt det trott med å komme fram til kajakkane våre, og for å trene på padlinga.

Vegard er en bra mann, og eg veit at Ove ser fram til å padle heimover i selskap med han!

Ove Otterlei:
Ove Otterlei vart føydd for 8901 dagar sidan, nærmare bestemt 1. september 1987. Han er med andre ord 24 år gammal, og held seg uforskamma godt! Med sine 184 cmoh og ei matchvekt på 88 kg er dette ein mann som er vanskeleg å skubbe seg på. Ein ekte viking!
Ove er oppvaksen i ein hardbarka fiskarfamilie, så den største interessa vart deretter. Dei viktigaste elementa i livet hans er mange. Etter mitt syn er dette familien, vennar, havet, det meste av sport, friluftsliv, og ikkje minst Ingvill (jenta i livet).
Dei sterke sidene ved Ove: Stikkord: Utfordringar. Han er svært omsorgsfull og hjelpsam. Er det nokon som treng hjelp, stiller han opp, same kva det måtte vere. Han er ein som ikkje liker å ha ting ugjort, og er aldri den første som gjev opp. Det verste med Ove er at han aldri gjev opp ;)

Eg er svært glad for at vi begge bur i Bergen. Saknar eg han så er han berre ein liten gåtur unna. Eg gleder meg stort til å ta til på turen heimover i sommar saman med denne kroppen!! Det går ikkje mange minutta mellom kvar gång tankar om turen tek overhand...