torsdag 14. juni 2012

Dag 4

Vind, sol og vind...


Atter ein dag er vi skipsbrotne på grunn av vinden. Det har blese stiv kuling heile dagen, så å krysse Sognefjorden har vore uaktuelt. Vi sov til klokka var elleve, og åt ein god frukost. Seinare på dagen vart vi igjen intervjua på direkten av NRK. No har vi vore på ein fisketur ved Dingjavatnet, som er ca. 7 km langt og 200 meter djupt på det djupaste. Fekk oss nok fisk til ein solid kveldsmat (supplert med real turmat). Dette smakte heilt nydeleg! Etter vermeldingane skal vinden spakne utover natta, så vi tek sikte på å padle i sekstida i morgontidleg. Vi er rastlause no! Kroppane er ikkje sletne i det heile, berre klare for å kome seg heim! No står Ove og dusjar, og eg ventar på min tur. Luksus! Men det trengs.. Vi prøver å leggje ut så mange bilete som mogleg, men dårleg nett får ta skulda for mangelen. I tillegg oppfører begge mobilane våre seg rart når vi skal blogge, så nokre rare ord i ny og ne må de berre tole.. God natt, alle saman! :)

5 kommentarer:

  1. Vind-fast? Så kjedelig med den vinden da, håper det løyer for dere gutter snart! God tur og lykke til videre :D

    SvarSlett
  2. No ha dåkka kosa dåkka her heime =) Fiiint ver! Stine

    SvarSlett
  3. Heisan på dåkke gutta boy`s.Passera akkurat Bergen no, og skal opptil Tveitevågen for å losse. So e det vidare nordover mot Florø. Kanskje øss treffast på veien. Hadde vore kjempe artig det ;-)
    So e det betryggande for øss foreldre so ser at dåkke ikkje tek tjangser på å sette avgårde overe Sognesjøen i dårlegt ver, kan vere skikkelig kvass nordavinden der, og Krakhelle sundet likeså. Men vinden er i avtak, so det bli nok en tjangs på morgo kvisten.
    Uansett ka lang tid dåkke bruka heim, so e ej stolt av dåkke.

    God tur vidare.
    Ottar.

    SvarSlett
  4. Heia Ove og Vegard!

    Ja da har dokke komt dokke trygt og vel over Sognesjøen,å godt var det å høyre at tross motvind og motstraum,og mange timer kom dokker vel over!!!
    Dokke er jammen knall hard,og tøff !

    Ja dokker har nok med dokke ekstra bagasje av mange gode minner frå Dingja,kjekt!!Å sikkert ein kjempe fin plass.
    Ho Åse kjem til å sakne dokke idag no da ho.
    Eg og helser og takker til Åse som har tatt gutane vel imot,snill dame!
    Kjempe kjekt å endeleg få sjå nokre fine bilder frå dokke!
    Dumt at nette er så tregt da at dokke har problemer med å laste opp bilder,håper det ordner seg!

    Skal bli godt å få dokke to trygt heim "snart"!!

    God tur vidare begge to tøffinger!

    Klem frå mamma Randi!

    SvarSlett
  5. Herlige bilde gutta! Om dokke fær tej meir so e d bære lekkert! Men ej sjøna d ikkje jeng so gøtt me dårla nett!
    Vel blåst tur over sognesjøen! Gøtt å komme sej over tenke ej. Gøtt å komme sej litt i ly ette alt streve :o) Håpe krakhellesunde e litt snildare me dokke da, ej kryssa fengran før bedre vèr videre! :o) Va sikkert gøtt me en dusj mæ!? :o)
    Go tur videre gutta! Gle mej allerede t neste innlegg! :o)
    Klem frå Anette søste :o)

    SvarSlett