lørdag 9. juni 2012

Snart avreise!!

Folkens! No er det berre timar igjen til vi legg ut på havet!! :)
Alt utstyr er på plass, det gjeld berre å pakke det godt og fornuftig. Her er det viktig å tenkje praktisk. Lurer på om vi får plass til alt.. Dagen i dag har vore ganske hektisk, der størstedelen av tida har gått til utskriving og laminering av sjøkart.

Vi tenkjer å starte første etappa litt roleg. Planen er å starte i Bergen sentrum på kvelden, og vi padler til området rundt Radøy, ca 35 km frå Bergen. Vermeldingane ser greie ut dei første dagane, men det ser ut for at nordavinden dreg seg til seinere i veka. Ser gjerne at denne dreier 180 grader ;)
No ventar ei god natts søvn i ei god og mjuk seng, deretter vert det telt og sovepose ei god stund framover.
Me gler oss!

6 kommentarer:

  1. Hiv å hoi gutter!!

    Ja no tenkje ej at det kribbler både her og der!
    Det gjer det ivertfall med mej:)
    Ja å pakke med sej so mykje i små "båter" er nok ikkje en spøk nei!:)
    Super flott kartpakke dokke he fått da,bra!!
    MEN dette dette klare dokke!!!
    Snakkast!!

    PS!!
    Ja no må ej berre få sagt at du/dokke har gått en meget godt POET skule fleire her inne,rett super kjekt å lese!:)

    Klem -
    mammsen:)

    SvarSlett
  2. I heimtraktå sit no ei svigermor og kjenner på spenning i magen! Lika ikkje nordavinden og Stadten, men e elles full av beundring over spreke kara som tenkje padle heim!He prøvd forsikre meg om at de stoppar opp dersom dette skulle kome til å bli ein for stor risiko!
    Ønskje dåkke ein strålande tur utan sjørøvera,sjøorm,draugen og andre utyske, men eit glimt av ei nydeleg havfrue på eit skjær kan vel friske opp farta på padleårene på veg heim til damene dåkka;)Ver OBS på at det kan vere eit teikn på at de treng næring eller kvile;)

    Gleda meg stort til de har nådd heim,-og til å sjå bilete!

    Klem:)

    SvarSlett
  3. Vil ynskje dokke begge God Tur:)) blir ei oppleving for livet ditta. Ta ingen sjansa, nyt turen og vi følger dokke:)
    Helsing Lill

    SvarSlett
  4. Stå på gutta;) ditta bli sikkert en fin tur, men bruk sunn fornuft:)

    SvarSlett
  5. God tur! Sikkert lurt å padle enn god del om natta. Spare dåkke for mykje motvind..

    Hilsen
    Tommy O

    SvarSlett
  6. I vakker kveldssol og himmel blå,
    dei to spreke karane sette utpå.
    Dei padla ut Vågen og svinga mot nord,
    sikta seg inn på Salhusfjord.
    Fortsettelsen på denne ville draum
    går vidare opp imot Alverstraum.
    Kanskje dei der med Elbe snella,
    kan dorge seg nokre fine makrella?
    På Radøy dei sikkert ei fin vik finn,
    då må dei berre padle inn.
    For teltet må opp og mat må dei ha,
    dei må kvile sin kropp om dei skal ha det bra.
    For i morgon då ventar det ein ny vakker dag,
    med fantastiske opplevelsar for dei to ilag.

    Ship o`hoi sailorboy!!

    SvarSlett