tirsdag 19. juni 2012

Fortsettelse dag 9

No har vi endeleg komne ned i soveposane! Me befinn oss på Flø, rett sør for Breisundet og Godøya. Klokka er no nesten halv fem på natta. Målet for dagen vart nådd, sjølv med ÅTTE timar venting på Sandsøya! Fornøgd med det, men denne sisteetappa tok på.. No gjel forresten hanen her ;)Har ikkje sett noko mål for morgondagen, men vi padlar så langt vi orkar, for minst mogleg nordavind på torsdag. Takkar for denne flotte dagen, og seier god natt til alle (som garantert søv no) :)

6 kommentarer:

  1. God morn!
    Håpe hanen ikkje har vekt dokke enda.

    Ja la det vere sagt!
    Dokke to er berre knall hard!!:)
    Kjempe bra da at dokke nådde målet dokka igår. Det kom ikkje som ei bombe det da;))

    Ja.Ja.....kansje oss sjåast idag!:)
    Det hadde vore SÅ kjekt!!

    Tvi.Tvi på kansje siste etappe!

    Klemmer til dokke begge to!

    SvarSlett
  2. Langt over 10 000 har vore her inne,
    de har nok imponert både mann og kvinne.
    For å følgje turen langs vestlandskyst,
    har vore spennande, ja rett ei lyst.
    Med fine bilder, som ein vakker draum,
    og med mareritt om motestraum.
    Men no nærmar det seg enden på reisa,
    trur mor og far vil flagga heisa,
    For trur nok dei har vore nervøse,
    har sagt "dåkke er vel litt ambisiøse".
    Men eg visste så vel at dåkke ville det klare,
    og eigentleg er dåkke knallande harde.
    Når dåkke no kjem heim til den vakre øya,
    så kos dåkke masse og kvil godt i køya.
    Men har de tenkt på alt, eg berre spør,
    for kajakken må jo tilbake til Bergen i sør.
    Så med eit par dagers kvile de får dåkke greie,
    ja eg skal på heile returen fram dåkke heie.
    Det ville då vere kjekt for dåkke å teste ut,
    korleis turen den andre vegen tok seg ut.
    Og om det til Bergen vart for kort,
    så veit eg kva de kunne gjort.
    Ein "svipptur" til oss I Austevoll for å feira,
    at de to har over vestlandskysten seira.

    Takk for at vi fekk følgje dåkke på dette sprøe påfunnet og gratulerer med prestasjonen :-)
    (Heldigvis er du stødigere i kajakk enn kano, Vegard.)

    SvarSlett
  3. Det står verkeleg respekt av denne turen dokke snart er ferdig med:)) har fulgt dokke heile vegen, og det har vore så kjekt:) flø er ein vakker plass, men den vakreste ligg framfor dokke :)) snart heime no. Take care og god tur vidare:)))

    SvarSlett
  4. Eg opna bloggen på måndag- er glad for det eg les,
    eit smil breier seg over heile mitt fjes!
    No kan foreldra kjenne seg lette,
    og likeeins søstrene Stine og Anette.
    Kjerringa på Stadten de unngjekk så greit,
    men med to flotte karar synest vel ho det var leit!
    Snart uti fjorda her,-heile reisa utan los,
    i hamna heime ventar kjærestar og familie med kos:)
    Velkomne heim,vi er letta og gla`
    turen gjekk godt, og de har det bra!

    Gratulerer til begge to!
    Takk for oppdateringar!
    Takk til diktaren frå Austevoll!

    SvarSlett
  5. Ej sønst d e so eitrandes at ej ikkje fær vere heime på Fjørtofta når dåkka kjøm heimatt... Åsso e ej i Ålesund på feil dag, dvs ej ska dit i mørgå på jobb, å sku ha vøre der i dag!
    Kos dåkka når dåkka kjøm heimatt! Åsso lure ej på Vegard; kar he du tenkt å oppbevare kajakken!? =) Mamma lure sikkert på d ho mæ =)
    Lykke tej me siste etappå!! Gle øss tej å treffe dåkka!

    SvarSlett
  6. HURRA!!! Kl. 02.36 kom meldinga: "No er han trygt i hus heime"
    Gratulerer- de greide det med glans!
    Eg er stolt, glad og letta!
    No har de både sykla og padla heim frå Bergen, så det er berre luftvegen att..men det kan de vel ikkje klare, berre de to..;)
    Gler meg til å sjå bilete!
    Ønskjer dykk ein strålande sommar!

    Stor klem til Vegard frå "svigermor" R.K.
    Klem til deg òg, Ove:)

    SvarSlett