mandag 11. juni 2012

Fortsettelse dag 1

No har vil lagt øss godt til rette i soveposane for andre gong på turen. Dagen i dag hatt vore heilt fantastisk! Starta frå flatøya klokka eitt, og har hatt strålande solskin heile vegen! Begge er litt solbrend i trynet. Vegard har anlagt skjegg for anledninga, så skillet blir artig å sjå etterkvart :) Vi åt lunsj rett sør for Allværstraumen, der vi fiska og vart direkteintervjua på radio av NRK Møre og Romsdal. Ove tok seg fint av den biffen! Turen gjekk vidare opp Allværsundet. Dette er ein fantastisk fin plass, med idylliske holmar og eit og anna sommerhus. Vi åt middag/kvelds på Lysknappen, i ei godt tilrettelagt privat fjøre. Vi var ikkje verre på det enn at vi heiv kajakkane på land der likevel.. Etter kvart kom eigaren ned til oss, og vi prata om laust og fast i ein god halvtime. Vi la utpå igjen klokka elleve, ville padle nokre kilometer til. Vi er no begge einige om at dei siste tre timane har vore av dei finaste opplevingane vi har hatt på havet! No ligg vi på Lurøyna, ikkje langt frå Mongstad, godt i rute! :)

4 kommentarer:

  1. Hallois turistar
    Endeleg nokre ord vart skreve,
    det er sånt vi nysgjerrige kreve.
    Kjekt å høyre at turen er flott,
    og at alt etter planen smidig har gått.
    I går eg var litt optimistisk på Dykkar vegne,
    klarte ikkje heilt distansen beregne.
    Men berre gled dykk til neste etappe,
    det blir masse minner i sekken å stappe.
    For naturen her er variert og fin,
    og alt blir vakkert når sola skin.
    Heilt sikkert kjekkere dette enn skulen,
    å få padle rundt holmar og skjer i Gulen.
    Så til sist til Randi og Ruth,
    no må det på dykkar bekymringar ta slutt.
    For dette er rett so fornuftige kara,
    eg veit at alt dei vil dei kan klara,
    om dei måtte dei hadde funne vatn i Sahara.
    For dei tar ingen sjangsar, nei det har dei lova,
    så legg dåkke bere trygt til å sova.
    STÅ PÅ GUTTA BOYS !

    SvarSlett
  2. Heisann kara!
    Kjempekjekt å høyre frå dokke! :-) Godt å lese at alt går bra og at dokke er i rute. Og eg stolar på at tryggleiken går først ;-)
    Husk solkrem! (Det er ein del av tryggleiken...)

    God tur vidare.

    Tanteklem :-)

    SvarSlett
  3. Passe på å ha nøk solkrem! :o) Ekje gøtt om en bli før solbrent. NRK møre og romsdal ja, va arti å høyre på radion! :o) Tru d e månge so e misunnla på alt dokke fær sjå å oppleve. Ej e d vertfall! Men ha aldri komt på å tatt sjøveien heimatt sjøl. Hehe :o)
    Bra dokke e i rute, kjekt åt dokke d :o) Å åt øss :o)
    Ej prøvde å leite ette lurøya, men den dukka ikkje opp. Men den ligg der vel :o)
    Håpe dokke søv endå å at dokke fær gøtt me kvile. E viktig å vere utkvilt.
    Go tur videre :o) Kjekt å lese innlegg igjen, keep it up! :o)
    Go klem frå Anette søste :o)

    SvarSlett
  4. Veldig bra tiltak. Vi følger med dere karer.

    SvarSlett