mandag 18. juni 2012

Dag 8

Ja, då er vi endeleg i/på Måløya! :D Har padla gjennom Skatestraumen, halve i går og resten i dag. I går var den nok verst, men alt i alt har vi sikkert vore heldige med den kneika. No sit vi i venterommet på hurtigbåtkaia for å lade telefonane våre. Kjem til å padle til Selje i dag, der vi blir svippa over med bil til Åheim. Vermeldingane rundt Stadt er ikkje særleg gode, og vi vil ikkje ta nokon sjansar. Ny oppdatering kjem i kveld/natt.

3 kommentarer:

  1. Dokke imponera stadig!! Å ej e so gla dokke he gøtt mot å gøtt vet!! Stadt skal en ikkje tulle me, so her vise d at dokke tek til sunn fornuft! Kjekt å høyre frå dokke på radion! Like arti kvar gong! :o)
    Go tur t Selje, so satsa mej på dokke fær vère på dokka sie! Ej kryssa, atter en gong, d ej he før at dokke fær kjempe vèr videre!
    Go klem frå Anette søste :o)

    SvarSlett
  2. Til,
    Ove og Vegard Otterlei!

    Ja, Heim i medvind dei skulle padle,
    for optimismen dei hadde.
    MEN,
    for ein tur dokke to har hatt,
    ta vare på alle minner som ein stor skatt.
    Godt at dokke tok til vet,
    og ikkje tok dokke eit slet.....
    For Stadhavet er ikkje ein gong for tøffingar som dokke,
    den står ikkje stille som ei klokke.
    Kvil dokke godt på Åheim ,
    før dokke sette kursen rett heim.
    Der er nok mange som venter på dokke to,
    men etter kvart har dokke fortjent ei god ro.
    Når kroppane har kvilt ei stund,
    kjem dokke nok til å padle vidare rundt.
    Dokke har bevist at eit vennskap er ekte,
    mange andre hadde nok følt seg knekte.
    Norge er meget stolt av sunn,frisk ungdom som dokke to,
    andre orker ikkje anna en å finne ro.
    Oss tek av oss både hatten og meir,
    for sånne guter veks IKKJE på reir !
    Eg er takksam for at oss har fått vore med dokker på denne ferda,
    og det har vore godt med tanke på å leve i denne verda.
    Eg ynskjer Ove og Vegard ALT godt,
    måtte dokke to vidare KUN få det flått!!

    Tusen Takk!

    Beste ynskje frå ein fast lesar!

    SvarSlett
  3. Okey, ikkje Stadten - heilt greitt, also!! :-)
    (Då får vi sove i natt også..)
    Kjekt å høyre frå dokke på lokalen, måtte berre "skippe" litt jobb for å få det med meg ;-)
    Håper kroppen held til sjarmør-etappa heim att, då skal eg komme ut på fjorden og helse på!

    Tanteklem

    SvarSlett