mandag 18. juni 2012

Dag 8 fortsetter

Vi drog frå Måløya litt før klokka seks, etter å ha vaska skroget på det flotte sanitæranlegget ved gjestehamna. Turen gjekk då vidare til Silda, der vi hadde ei god matpause. Dagane går stort sett til padling og eting. Kan forsikre alle heime om at Stadten er passert, dog med bil som framkomstmiddel. Her må vi takke Jan for turen, dette sette vi stor pris på! No ligg vi i Leikanger, og om 2 km kryssar vi fylkesgrensa til vårt kjære heimfylke, Møre og Romsdal! :D I morgon padlar vi så langt vi kjem, håper på å nærme oss Flø. Då ynskjer vi alle ei god natt! Helsing frå piratane i det gule teltet! Over og ut herifrå.

2 kommentarer:

  1. Godmorgen gutta. Bedre å fare over Stadt, enn rundt Stadt ;-) Kjekt med hyggelige og hjelpsomme folk på land.
    Håpe dåkke he hatt ei god natt, og kvilt ut for neste etappe. No e det berre over fjorden, (Vannylvsgapet)med Haugsholmen i sikte, so e dåkke i heimfylket
    Tenkje dåkke fer både medvind og medstraum no. God tur vidare.
    Ottar.

    SvarSlett
  2. Hei:)) så bra at dokke har komt vel forbi Stadt:)) snart i heimfylket no! Og ikkje lenge før dokke legger til Kai på kystens perle:) stå på kara og gd tur HEIM!
    Lill

    SvarSlett