søndag 17. juni 2012

Dag 7

I dag starta vi etappa frå Seljestokken, og har no hatt første pausa vår i Gulestø. Her har vi slappa godt av i godt lag med Anne Randi og Kåre. Dei bor her i Gulestø, der Kåre har teke over garden. No sit vi i eit hus frå 1750-talet, kjempekoseleg! Har fått servert kaffe og M&M. Kjekt med så hyggelege folk!
Nettet her er diverre for treigt til å leggje ut bilete, men vi bloggar i alle fall frå ein pc no, endeleg! :)

Vi legg snart ut med Hennøya som første mål, deretter Hornelen som tredje etappe i dag. Får sjå an veret om vi går opp, skydottane heng godt nedover fjellet no.
Har vinden i ryggen i dag, meeget oppegåande! :D

3 kommentarer:

  1. Dåkka e heldige me følk dåkka treff på,ja! Åsso e ikkje d kvar dag an set i et hus frå 1750-talet :) Håpe skydåttan he forsvunne :) Stine

    SvarSlett
  2. Nok ein gong med breie glis,
    har dei smigra seg til sjokolade og is,
    Alle mot desse karane er greie,
    gjestfriheit er flott kan ein seie.
    Når Hornelen seg nærmar, det blir kanskje stopp,
    desse sprøe karane vil klatre heilt opp.
    Om dei kjem seg til toppen, då vil dei nok få,
    ei utsikt som dei rett i bakken kan slå.
    Men Skatestraumen ventar, den kan vere lei,
    får håpe straumen renne med dei.
    For motstraumen der kan vere frykteleg tunge,
    sjølv for dei som er sprek og unge.
    Så er det Måløy og Stadten,
    der kan det vere uroleg vatten,
    når den er runda, eg tar av meg hatten.
    Men då kan dei sjå til heimfylket sitt,
    må stoppe der å nyte litt.
    Vil tru at då vil dei felle ei tåre,
    men skulda nok på at hendene er såre.
    Då er dei nesten på heimlege trakter,
    der alle går og på dei vakter.
    For jonsokkvelden hadde vore fin
    til å gli i hamna på Fjørtoft inn.

    SvarSlett
  3. Kjekt å lese og følgje på turen ,
    skjønar no at de kjenne ein lur-èn.
    Alt so hende og versa til ”skalden” –
    men, trur ikkje han kjem ifrå Halden.
    På blogg, og Yr og Google-map vi følgjer på reisa ,
    er redd det blir permanent med bakoversveisa!
    Eg sendte ei melding til Værguden Tor:
    no må det bli slutt på vinden frå Nord!
    Opp på Horngjelen de ville traske –
    så var det nedatt til sjøen å daske.
    På Stadten ligg Kjerringa med raua å bles-
    då kan de ta kajakken og bere over til neste nes!
    Ho kan vere både ekkel og stygg-
    de kan lure ho og vere like trygg!
    Vikingane måtte også over landet gå -
    endå dei var tøffe som få!!
    De vil alltid minnast ei sjeldan reise-
    og heime vil dei nok flagget heise!

    SvarSlett