lørdag 16. juni 2012

Dag 6

I dag starta dagen med at vi forsov oss eit par timar. Men søren heller, det er då ferie! :) Vi kryssa to fjordar på første etappe, Stongfjorden og Stavfjorden. Sistnemde var laaang, følte vi aldri kom fram, litt pga motstraum. Vi ankom Tansøy og inntok eit måltid beståande av pølse med brød! :) Det var ein liten landhandel der, så vi fekk handla litt, og lada telefonane. Vidare padla vi til Florø. Ikkje mykje anna å seie om dette enn at vi stoppa for å ete middag. Padla litt til, og no ligg vi på Seljestokken ved eit stort pukkverk. Heldigvis er det søndag i morgon.. Det har vore tilnærma perfekte vindforhold, dvs. nesten ikkje vind i det heile. For dette måtte vi tydlegvis ofre sola. Det har vore overskya heile dagen, og godt med regn no i kveld. Koselege lydar i teltet! Totalt har vi padla ca. 45 km i dag, ca. 7 effektive padletimar. Hornelen er målet for morgondagen. Ikkje så langt å padle, men Frøysjøen kan vere tøff. God natt! :)

2 kommentarer:

  1. Go morn Ove og Vegard!

    Kjekt å høyre frå dokke!
    Rekner med at no er nok dokke alt på farta:)
    Det var heilt sikkert godt å få ei heil natt å sove på!

    Men jammen hadde dokke ei bra etappe igår no da,sjølv i motstraum.Sprekingar,tøffingar!!
    Måtte dokke sleppe motstraum og vind opp Frøysjøen idag,kun medvind!!Men dumt at dokke fekk regnet......
    Artigt at dokke finn sånne småplasser som har landhandel:)

    Tenkje dokke får ein super fin fjelltur oppå Hornelen idag,nyt den turen!

    Ha ein fin dag Ove og Vegard!!

    -Helsing frå oss heime-

    SvarSlett
  2. D he tatt hundrevis ta daga.. sei han Mathias, han gle sej tej du kjøm att, onkel. Då skal dåkka neri fjørå å kaste stein, åsso på sjøen å fiske kveite å (steikt) makrell! :) Go tur vidare! Klem frå Håkon å Mathias!

    SvarSlett