fredag 15. juni 2012

Dag 5

I dag kom endeleg dagen der vi fekk krysse Sognesjøen! Vi jobba i god motvind og motstraum heile vegen over. Ellers var det uproblematisk. Når vi kom fram til Krakhellesundet åt vi lunsj. Klokka var då halv ni, og vi hadde brukt nesten tre timar på ei mil!!! Ikkje bra! Vi kom i prat med ein hyggeleg mann, Magnus, som kunne meddele både livshistoria si, samt tips til turen videre. Klokka eitt steig vi igjen ned i kajakkane for å fortsette til Korssundet. Igjen måtte vi til land då det så vidt gjekk framover.. Vi hadde akkurat komt i land då vi høyrde to korte støyt frå eit horn. Gleda var stor då vi såg at dette var Rofisk, brønnbåten som Ottar, far til Ove jobbar på. Ove padla dei i møte, og fekk eit kjært gjensyn med far sin. På land igjen hadde han fått med eit nett med mat og SØTSAKER! No er vi altså gode og mette, og ventar på at vinden gjev seg, igjen!Håper på å nå Askvoll i kveld, minst! Vi har det godt! :)

4 kommentarer:

  1. Godt med livstegn fra dere!
    Dere er kjempeflinke!! Vi etterlyste oppdateringer på blogg/FB fra dere i lunsjen på jobb i dag, så vi er alle fornøyde med at dere har det bra!! God tur videre...

    SvarSlett
  2. Då he vore so previlegert, at ej fekk treffe Ove å Vegard på turen deira heim til Fjørtofta. Virkelig kjekt det. Hadde hatt kontakt med Ove tidligare på dagen, og va klar over at dei va i ommerådet Krakhellesundet, so vi sette kursen dit,då vi likevel var på vei ifrå Bergenstraktene til Ålesund. Såg først kaiakkane, so to karar i bar overkropp som nytte sola i ei lun vik nørst i Krakhellesundet. Laga litt lyd i tåkeluren, og fekk straks oppmerksomheita deira. Ove kom utpå so ej fekk helse på. Skulle gjerne helst på Vegard me, men han heldt stand oppe i fjørå. Øss hivde i Ove litt (nødproviant) i form av div snaks.Treng litt ekstra enegi når en skal padle i ....heim i motvind.... ;-) Trur den kjøm til å snu snart, til heim i medvind.... :-)
    Kjempe stas å få helse på dåkke gutta. Gle mej t dåkke kjøm heim.
    Ottar.

    SvarSlett
  3. Spennande å slå følgje på turen. Bra jobba over S.fjorden. Kan vera tøff den. Røyner dét på i armane, rygg, nakke... eller går det bra sjølv i mykje motstraum og vind? Askvoll har eg besøkt, pr. 2 hjul og overnatta då på hotellet der. Den gong var det mykje folk frå bygder rundt om kring og stor fest og countrymusikk på hotellet. Sikkert meir stille hos dere, og kanskje sovner de til bølgeskvulp. Ja kva veit eg :) Ha i hvertfall ein fin kveld. Håper været er med dere videre. Og med vinden i ryggen.

    SvarSlett
  4. Over Sognesjøen dei til sist klarte å seire,
    burde igrunnen dette stort feire.
    Mat i frå far dei plenty har fått,
    trur nok dei lever svært så godt.

    Men oppe i Askvoll dei har fått nytt pol,
    med mykje godt i mang ein reol.
    Inn der dei kan gå, etter sjampis å sjå,
    men ta kun den heilt uten alkohol.

    Padle på padle på !!

    SvarSlett