onsdag 13. juni 2012

Dag 3

Dagen i dag starta med ein god frokost og planlegging av kart og korleis dagen skulle bli. Dette blei gjort på ein plass som heiter Sollibotnen. Sollibotnen ligg rett nord-vest for Eivindvik. 
Før vi drog frå Sollibotnen, kom det eit par padlande i kano. Dette viste seg å vere to kjekke folk som bur i Eivindvik. Svein Vidar og Stine. Dei hadde vore ute på Skjerjehamn og sett på statua av den staute Kong Olav. (som vi forøvrig har gått glipp av).
Vi lurte på kor den nærmaste butikken var, og dei forklarte korleis vi skulle komme oss dit. Det som det endte opp med, var at Svein Vidar ville køyre oss til Eivindvik slik vi fekk handle litt småkjaffs. Dette sette vi utruleg stor pris på!:) Takk til begge dei!:)

Vi starta å padle rundt kl 1300 frå Sollibotnen. Vi fekk, igjen, vinden midt i fleisen. Vi padla i litt over ein time, og på den timen padla vi ca 4 km. Det var rett og slett for mykje vind. Ut frå dei vurderingane vi tok, så padla vi inn i ei bukt som heitte Små Vågane. Der va planen og søke ly og vente på at vinden skulle løye.
Når vi hadde kome i land var pri 1 å lade telefonane våre. Dette er først og fremst med tanke på sikkerheita, og slik vi kan gi ein lyd heimover. Og sjølvsagt blogge!;)
Vi hadde ikkje sett eit einaste hus som vi kunne spørje om vi kunne få lade telefonane våre. Vi måtte nemleg lade i hus då solcelle-panelet vårt var heilt tom for batteri.
Etter eit par kilometer ned trasking kom vi til ein fantastisk plass som heiter Dingja. Ein plass vi absolutt vil anbefale å reise til.
Her var ein butikk som er dreven av Åse Vatne. Ei fantastisk kjekk og sprudlande dame. Ho tok gjerne i mot telefonane og sette dei på lading. Vi fekk og kvar sitt  pizzastykke. (som smakte heilt  nydeleg). Ikkje nok med det, ho ville køyre oss bort igjen til Små Vågane der vi hadde lagt til med kajakkan
All den gjestfriheita sette vi stor pris på. Takk til Åse!:)

No var det å vente på at den vinden skulle gi seg. Det har gått i mykjw soling, disking og avslapping i dage

Klokka var 0000, sola hadde gått ned, vinden hadde så vidt løya og vi fekk trua på å krysse Sognesjøen på ny. Vi it frå Små Vågane, vi stampa fortsatt i motvind (og slik det er sagt, det går seint!!). Vi kom forbi Dinganeset, og håpte på å sjå ein rasteplass øitt lengre framme. Men det viste seg å vere vabskeleg. Det endte opp med at vi snudde og padla inn til Dingja. Her er en gylden refel som gjeld,  "Det er inga skam å snu".

Go natt her frå oss tocgutta!:)

3 kommentarer:

  1. So kjekt å lese! :o) Å so utrula kjekt å møte so snilde å behjelplige menneske! D va veldi snildt av dei. Kan tenke mej at å få handle litt småtjafs gjor sej. Må nesten få takke na Åse Vatne før at dokke fekk ladda tlf! Til å me fått pizza! So utrula hyggla! :o) D e betryggande å vete at dokke he batteri no når dokke skal over sognesjøen! Å videre mæ før den del!
    Dokke he no fått prøve dokke litt i motvind å motstraum no da, so kan mej bære krysse fengran før at d snu å at dokke fær medvind å bra vèr :o) Kjekt me oppdateringa! Dokke e flinke!
    Stå på gutta boys! Ha en trygg å fin seilas videre! :o)
    Klem frå Anette søste :o)

    SvarSlett
  2. Att og fram,like langt. Huff...:o)
    Ja sant, INGEN SKAM Å SNU NEI !!

    Godt å høre frå dere to,og enda bedre å lese at dere har det tross vind over fjorden heilt topp!
    Så artig da at folket tek dere vel imot langs kysten:) Men folk er stort sett bare snill over alt!
    Ja,å hvem hadde ikke tatt imot to barske,solbrune ( brente ),blide mannfolk som dere to er da..........!!Jeg tviler ikke på at der er fint på Dingja ( artig navn på plassen..).
    Tenk så mange fine gode minner dere får med dere på denne reisen,ta vare på alle!
    Ja det er veldig viktig å ha batteri både på mobil og solcellepanelet!
    Håper dere har med fotoapp. og,så dere får tatt mange mange fine bilder på turen?!

    Måtte vinden roe seg slik dere får passere Sognesjøen snart!!

    Oss er med dere på deres reise videre!!

    Ha en super fin dag gutter!!
    Dere er bare super tøff!

    Hilsen fra en daglig leser:)

    SvarSlett
  3. Den nordavinden den liker vel ingen,
    og inn til land vart gutane tvingen,
    Dei tar det med eit smil, skal padle mange mil,
    at dei klarer det, det tviler ingen.

    Men no kan dei jo atter heimatt ringja,
    dei fekk jo smigra seg til straum i frå Dingja.
    For folket var kjekk, og hjelp der dei fekk,
    Det er viktig å ha orden på tingja.

    Håpa det spakna snart :-)

    SvarSlett