torsdag 21. juni 2012

Dag 10

HEIME!!! :D 

No er det på tide å oppdatere status her, eigentleg altfor seint. Vi starta frå Flø klokka halv eitt i går føremiddag. Vi sette kursen mot Godøya, der vi inntok eit betre måltid. Vi hadde avtalt å vere i Ålesund rundt 17.00. Der skulle familien til Ove stå og vente. Vi runda Skateflua 16.45, godt i rute. Her venta også sunnmørsposten til eit lite intervju. Randi, mor til Ove, spanderte på oss chips og svinemør, og softis til dessert. Takk! :)
Vi tok farvel med familie og Ålesund rett før 19.00, og skulle eigentleg overnatte på Lauka, eller nærmare Fjørtofta om mogleg. Etter stopp på Store Kalvøy og Hestøya vart vi einige om å setje kursen rett heimatt. Vi hadde nemleg fretta at veret skulle snu allereie klokka 06.00 og blåse opp i liten kuling rett i mot.
Sjeldan er himmelen så flott og fin som han var i gårkveld/natt (bilete kjem). Veret var heilt perfekt, og vi kunne ikkje fått ei betre avslutning på turen. Ottar og Emil fylgde oss i båt frå Rogneholmen, og på land venta familie, kjæraste og vener. Det var laga målplakat, laurbærkrans og kjøpt inn sjampis. Takk, Randi! :)

Kunne ha venta med ankomsten til i dag, torsdag, slik at fleire kunne ha fått med seg målgangen, til dømes mor mi, men vi tok rett og slett ikkje sjansen. Dagens etappe vart då på ca. 50 km. Dette vil seie at vi har brukt 10 dagar på turen, der 3 av dagane har vore tvungne kviledagar på grunn av veret. Vi er utruleg godt nøgd med dette!
Vi har hatt ein heilt fantastisk tur! Vi kjem til å leggje ut ein del bilete, og kanskje nokre videosnuttar, slik de kan få eit godt inntrykk av korleis vi har hatt det! Tusen takk til alle som har fylgd med oss, håper blogginga har vore ok, sjølv med tekniske problem til tider. Kom gjerne med spørsmål/kommentarar, så skal vi svare så raskt og godt som mogleg!

Takk for ein fantastisk tur, Ove, og til dykk andre som har "reist"  i lag med oss !! :D
Ålesund

Ottar, Ove, Randi, Anette og Emil.



Fjørtofta i sikte! 

9 kommentarer:

  1. Kjære Ove og Vegard!

    GRATULERER SÅ MYKJE TIL DOKKE BEGGE TO!!!
    Dokker er berre super flink,og i tillegg klarte dokke å komme dokke vel heim etter målet på 10 dager som dokke hadde sett av,BRA JOBBA!!!

    Det var så godt å få gi dokke to ein fysisk klem igår skal dokke vite. Ei STOR lette å få sjå,ta på dokke!
    Å det beste var å rope HURRA HURRA når dokke kom padlande oppi støa i fjøra her i natt,meget godt var det!
    Ja å det var det for dokke og,såg eg...........to STORE glis !!!:)
    No kan eg slappe godt av eg og;)

    Tusen takk begge to,dokker er gull verd!!

    God klem frå mamma Randi!:)

    SvarSlett
  2. He vør veldi kjekt å følgt me! :) dokke e flenke og modige :)

    SvarSlett
  3. Rått rett og slett. Kjekt å følge med på turen.
    Husk å ta turen ut hit når dåkke kjem tilbake til Bergen.

    Rune & co

    SvarSlett
  4. Veldig inspirerende og kjekt å følge bloggen til dokke to, jeg har lest og fulgt dere med stor glede. Dere viser at det en vil og ønsker kan en gjennomføre, tusen takk!

    SvarSlett
  5. Endeleg heime!!
    Trygt og godt... (-heilt til neste sprell..)
    Takk for turen :-)

    Tanteklem

    SvarSlett
  6. Takk for turen :)
    Det har vært spennende å følge dere via bloggen.
    Nå gleder vi oss til bilder og film.

    SvarSlett
  7. Dere har vært veldig flink til å blogg synes jeg - må si det :) De to siste bilene var veldig fine! :D

    SvarSlett
  8. Hei Ove og Vegard!
    Gratulerer med gjennomført tur! Det har vært spennende å følge med underveis og lese bloggen deres.
    Ha en god sommer!

    Mvh
    GMH

    SvarSlett
  9. Hei Ove og Vegard!
    Gratulerer så mye med riktig vel gjennomført tur. Har lest meg gjennom turen deres. Dere har hatt en kjempetur og dere har formidlet den utrolig fint og. Blir missunnelig. Hadde lignende planer for mange år siden, men det ble med det. Dere gjorde det, og det er det som teller:-) Drøm til virklighet. Regner med at ferden har gitt mersmak og fødsel til nye drømmer. Gleder meg til å høre om neste. Gi Gass, god sommer og følg drømmene

    Turhilsen
    Rune Gjeldnes

    SvarSlett