søndag 10. juni 2012

Dag 1

Hei å hå folkens!

Vi starta ferda vår frå Vågen i Bergen kl. 22.30.
På kaia var det kjente å kjære som møtte opp for å ønskje oss lykke til på ferda. Dette sette vi pris på!:)
No har vi padla i fire timar og har lagt bak oss omlag to mil. Med andre ord har det ikkje gått alt for fort med oss. Vi valde å ta ein roleg start. Vi har nytt starten på denne flotte reisa vi har gitt oss ut på!:) Solnedgang fekk vi sjå, mykje god havluft, til og med medvinden fekk vi med oss. Altso, ein kjempe start.
No har klokka bikka 4, så no skal vi finne fram soveposane, få i oss mat og sove godt.
Vi har slått leir på en liten holme rett nord for Frekhaug.
Her fekk vi ein mindre varm velkomst av eit tjeldepar som våka over ungane sine. Og det var ikkje måte på til kvitring rundt om her!:p

Nytt innlegg kjem i morgon. God natt!:)

8 kommentarer:

  1. Høres ut som en flott start på eventyrreisa:)) god tur vidare!
    Helsing Lill

    SvarSlett
  2. Kjempe greier gutta! Håpe dokke he fått søve gøtt, tross alt kaklande tjeld! :o) Håpe dokke fær meir medvind i morgå da, jeng vel litt greier då tenke ej :o)
    Lykke tej me dag nr 2. Venta spent på neste innlegg :o)
    Go klem frå Anette søste :o)

    SvarSlett
  3. Hiv o`hoi!

    For eit bilde da,super fint!!
    Kjempe kjekt at dokke held oss orientert om ferda dokka!
    Rart med. Dokke set ute på en liten holme å blogger,artigt!:)
    Men eg rekner med dokke var så trøtt når dokke la dokker at dokke ikkje merka Tjelden da!:)
    Ta den tid dokke treng,NYT turen fullt ut! Sikker på at dokke får mange fine både solnedganger og soloppganger.
    Måtte vergudane vere like snill med dokke langs heile kysten,det må dei!!
    Lykke til vidare!
    Gleder meg til å høyre frå dokke igjen!
    PS! Å takk for fine ord frå den Anonyme poeten,super fine ord!!

    God klem til dokke begge frå Mamma/res.Mamma!

    SvarSlett
  4. God morgen kara, den starten blei fin,
    ikkje alle kan oppleve at sola so vakkert skin.
    Og no er det sikkert minst tusen pr. dag,
    som gjennom bloggen på denne turen vil slå lag.
    For her er det folk ifrå ulike land,
    som vil følgje med turen lags fjell og strand.
    Når turen no går vidare i vakker natur,
    på stader der man ein hardbarka vestlending bur
    får vi håpe at ikkje den sydlige vinden snur.
    Men ver obs når dåkke kjem litt lengre nord i leia,
    for der fær dei forbi med sånne supertankgreie.
    Men i Skjerjehavn der står statua av kong Olav å ventar,
    på dåkke to super spreke studentar.
    Trur kongen og ville sagt "der kjem fjordenes heltar".

    Hels heile veien ;-)

    SvarSlett
  5. Du verden du anonyme!!

    Uansett kven du er så må du vere kjent langs kysten,og kjenne gutane!;)
    Du er til stor glede for oss alle med dine poetiske ord,rett rørande vakkert er det,tusen takk!!
    Ja, det er nok ekstra sterk for ei som er mamma til ein av gutane å vite at du setter pris på,og fylgjer gutane på denne tøffe ferda!!
    Eg håper ein dag du dukker opp så gutane får takke deg.Dei les kvart eit ord du skriv,ja å dei er takksam og rørt av dine fine ord, vite det!!

    Ja,Kong Olav må dei helse på.Eg vil tru det samme som du at Kong Olav og hadde heiet dei vel fram:)
    Ja, lat oss heie dei vel fram ilag alle!:)
    PS! Eg håper dei stor båtane ser flagget deira,og dei fargerike draktene!! Men dei skal heldigvis gå inni mellom så trange sund på det meste,dei prøver så langt det let seg gjere å unngå desse store "stygge" båtane!!
    Men kajakkane blir grusomt små ut på havet. Huff!!

    Gleder meg til dine fine ord vidare!
    Takk!

    -Frå ei spent mamma-

    SvarSlett
  6. Dette vert garantert eit minne for livet! Om behov, ta kontakt med oss tre som gjorde turen i 2010. God tur, karar!

    SvarSlett
  7. Er bra med en god start på reisen, håper dere får mye medvind resten av reisen og, skal drive å blåse litt nordover, hahaha!!! God tur videre! :D

    SvarSlett
  8. Fantastisk:) gleder meg til å følge dere! Og dere er hjertelig velkommen til Roald Havn om dere skulle trenge noe:)))

    Tøft gutter!!

    Ønsker dere en god tur med mange fantastiske opplevelser i!

    Padlejill:)

    SvarSlett