tirsdag 15. mai 2012

Eksamensstress!

Heisann! Tida for eksamen er i full gang, det merkast på kropp og sinn. Treninga har ikkje vore optimal, for å seie det sånn! Hadde nok sett for oss litt meir aktivitet i kajakkane, men tida strekk rett og slett ikkje til. 

Kajakken til Ove er hjå Nemo for å tette skotta (lek litt inn i lasteromma frå cockpiten), medan Vegard har bestemt seg for å bytte kajakk. Han følte seg rett og slett ikkje trygg nok når bølgjene drog seg til. Prøvde kajakken til Ove, og vart "frelst". Makan til stabilitet! Både byttinga og reparasjonen har no teke tre veker, men dei er no klare til å hentast. Sjølv om det har teke litt tid, så må vi igjen rose Nemo kajakk og Dykkersenter for svært god service!

Vi har ordna gode avtalar med forskjellege forhandlarar, der vi har fått mykje fint utstyr som vi vil ha nytte av på turen. Vi testar utstyret og legg att tilbakemeldingar etterkvart.

Vegard har eksamen i morgon, difor blir ikkje det skreve meir i kveld.
Over og ut!

2 kommentarer:

  1. Heisann på dokke to!

    Kjekt å høyre liv frå dokke her!:)
    Men husk. Eksamen er det viktigaste akkurat no! So kan dokke nyte kajakkane dokka etterpå:))
    Tenkje dokke kribbla litt i kroppen no ja etter å komme seg oppi båtane å begynne snart;)
    Men bra at Ove fekk ordne sin,og kjempe bra at du Vegard fekk byte til samme sort so Ove sin!!
    Stå på guttane våre,dette klare dokke fint!!
    Gleder meg til å høyre neste nytt!:)

    Lykke til med eksamen!
    Klem!

    -Randi-

    SvarSlett
  2. Jeg syntes dere er veldig flinke! Lykke til på ferden! Førstemann!!

    SvarSlett