lørdag 16. juni 2012

Dag 6

I dag starta dagen med at vi forsov oss eit par timar. Men søren heller, det er då ferie! :) Vi kryssa to fjordar på første etappe, Stongfjorden og Stavfjorden. Sistnemde var laaang, følte vi aldri kom fram, litt pga motstraum. Vi ankom Tansøy og inntok eit måltid beståande av pølse med brød! :) Det var ein liten landhandel der, så vi fekk handla litt, og lada telefonane. Vidare padla vi til Florø. Ikkje mykje anna å seie om dette enn at vi stoppa for å ete middag. Padla litt til, og no ligg vi på Seljestokken ved eit stort pukkverk. Heldigvis er det søndag i morgon.. Det har vore tilnærma perfekte vindforhold, dvs. nesten ikkje vind i det heile. For dette måtte vi tydlegvis ofre sola. Det har vore overskya heile dagen, og godt med regn no i kveld. Koselege lydar i teltet! Totalt har vi padla ca. 45 km i dag, ca. 7 effektive padletimar. Hornelen er målet for morgondagen. Ikkje så langt å padle, men Frøysjøen kan vere tøff. God natt! :)

fredag 15. juni 2012

Dag 5 fortsetter..

No er klokka 03.00, og vi har akkurat komt på plass i teltet. Vi har slått leir på motsett side av Askvoll, Atløyna. Vi har hatt Alden, eller Norskehesten i syne sidan i dag formiddag. Solnedgangen med utsikt mot Værlandet var heilt fantastisk!! Satsar på at bilete kjem. Vi har ikkje noko endeleg mål for morgondagen, men vi skal forbi Florø! Då sei vi god natt herifrå! :)

Dag 5

I dag kom endeleg dagen der vi fekk krysse Sognesjøen! Vi jobba i god motvind og motstraum heile vegen over. Ellers var det uproblematisk. Når vi kom fram til Krakhellesundet åt vi lunsj. Klokka var då halv ni, og vi hadde brukt nesten tre timar på ei mil!!! Ikkje bra! Vi kom i prat med ein hyggeleg mann, Magnus, som kunne meddele både livshistoria si, samt tips til turen videre. Klokka eitt steig vi igjen ned i kajakkane for å fortsette til Korssundet. Igjen måtte vi til land då det så vidt gjekk framover.. Vi hadde akkurat komt i land då vi høyrde to korte støyt frå eit horn. Gleda var stor då vi såg at dette var Rofisk, brønnbåten som Ottar, far til Ove jobbar på. Ove padla dei i møte, og fekk eit kjært gjensyn med far sin. På land igjen hadde han fått med eit nett med mat og SØTSAKER! No er vi altså gode og mette, og ventar på at vinden gjev seg, igjen!Håper på å nå Askvoll i kveld, minst! Vi har det godt! :)

torsdag 14. juni 2012

Dag 4

Vind, sol og vind...


Atter ein dag er vi skipsbrotne på grunn av vinden. Det har blese stiv kuling heile dagen, så å krysse Sognefjorden har vore uaktuelt. Vi sov til klokka var elleve, og åt ein god frukost. Seinare på dagen vart vi igjen intervjua på direkten av NRK. No har vi vore på ein fisketur ved Dingjavatnet, som er ca. 7 km langt og 200 meter djupt på det djupaste. Fekk oss nok fisk til ein solid kveldsmat (supplert med real turmat). Dette smakte heilt nydeleg! Etter vermeldingane skal vinden spakne utover natta, så vi tek sikte på å padle i sekstida i morgontidleg. Vi er rastlause no! Kroppane er ikkje sletne i det heile, berre klare for å kome seg heim! No står Ove og dusjar, og eg ventar på min tur. Luksus! Men det trengs.. Vi prøver å leggje ut så mange bilete som mogleg, men dårleg nett får ta skulda for mangelen. I tillegg oppfører begge mobilane våre seg rart når vi skal blogge, så nokre rare ord i ny og ne må de berre tole.. God natt, alle saman! :)

onsdag 13. juni 2012

Dag 3

Dagen i dag starta med ein god frokost og planlegging av kart og korleis dagen skulle bli. Dette blei gjort på ein plass som heiter Sollibotnen. Sollibotnen ligg rett nord-vest for Eivindvik. 
Før vi drog frå Sollibotnen, kom det eit par padlande i kano. Dette viste seg å vere to kjekke folk som bur i Eivindvik. Svein Vidar og Stine. Dei hadde vore ute på Skjerjehamn og sett på statua av den staute Kong Olav. (som vi forøvrig har gått glipp av).
Vi lurte på kor den nærmaste butikken var, og dei forklarte korleis vi skulle komme oss dit. Det som det endte opp med, var at Svein Vidar ville køyre oss til Eivindvik slik vi fekk handle litt småkjaffs. Dette sette vi utruleg stor pris på!:) Takk til begge dei!:)

Vi starta å padle rundt kl 1300 frå Sollibotnen. Vi fekk, igjen, vinden midt i fleisen. Vi padla i litt over ein time, og på den timen padla vi ca 4 km. Det var rett og slett for mykje vind. Ut frå dei vurderingane vi tok, så padla vi inn i ei bukt som heitte Små Vågane. Der va planen og søke ly og vente på at vinden skulle løye.
Når vi hadde kome i land var pri 1 å lade telefonane våre. Dette er først og fremst med tanke på sikkerheita, og slik vi kan gi ein lyd heimover. Og sjølvsagt blogge!;)
Vi hadde ikkje sett eit einaste hus som vi kunne spørje om vi kunne få lade telefonane våre. Vi måtte nemleg lade i hus då solcelle-panelet vårt var heilt tom for batteri.
Etter eit par kilometer ned trasking kom vi til ein fantastisk plass som heiter Dingja. Ein plass vi absolutt vil anbefale å reise til.
Her var ein butikk som er dreven av Åse Vatne. Ei fantastisk kjekk og sprudlande dame. Ho tok gjerne i mot telefonane og sette dei på lading. Vi fekk og kvar sitt  pizzastykke. (som smakte heilt  nydeleg). Ikkje nok med det, ho ville køyre oss bort igjen til Små Vågane der vi hadde lagt til med kajakkan
All den gjestfriheita sette vi stor pris på. Takk til Åse!:)

No var det å vente på at den vinden skulle gi seg. Det har gått i mykjw soling, disking og avslapping i dage

Klokka var 0000, sola hadde gått ned, vinden hadde så vidt løya og vi fekk trua på å krysse Sognesjøen på ny. Vi it frå Små Vågane, vi stampa fortsatt i motvind (og slik det er sagt, det går seint!!). Vi kom forbi Dinganeset, og håpte på å sjå ein rasteplass øitt lengre framme. Men det viste seg å vere vabskeleg. Det endte opp med at vi snudde og padla inn til Dingja. Her er en gylden refel som gjeld,  "Det er inga skam å snu".

Go natt her frå oss tocgutta!:)

Verfast

Den nordavinden...


Hiv'o hoi landkrabber!
Vi starta dagen i dag frå Solliboten i god tru om at vi fekk kryssa Sognesjøen i dag. Men det viste seg å bli berre me trua. Endå vi er voldsomt gode i trua!;)
Vi padla frå Solliboten omlag kl 13. Det tok oss ein god time før vi kom til "Små vågane" rett sør for Dingja. Her går det i soling og ventig.

Vi har det eller tipp topp og ved godt mot!:)
Vi har og litt problem med batteri på telefonane våre, så vi bloggar så mykje vi kan. Håper på eit nytt innlegg i kveld om dagens hendelsar.

tirsdag 12. juni 2012

Solbrend og motstraum

Dette er stikkorda for dagen. Likevel har vi lagt bak oss ca. 30 km, utan at vi kan måle det nøyaktig.. Har kjempa mot Fonnesstraumen, me vann! Vi er no rett nordvest for Mongstad, på ein holme. Her har vi ete Chili con carne og kylling i karrisaus, gode og mette! Skal krysse Fensfjorden om ein halvtime. Veret er fint, så det skal gå berre bra! Oppdatering kjem! :) Ha ein fin tirsdagskveld!