Dagen i dag starta med ein god frokost og planlegging av kart og korleis dagen skulle bli. Dette blei gjort på ein plass som heiter Sollibotnen. Sollibotnen ligg rett nord-vest for Eivindvik.
Før vi drog frå Sollibotnen, kom det eit par padlande i kano. Dette viste seg å vere to kjekke folk som bur i Eivindvik. Svein Vidar og Stine. Dei hadde vore ute på Skjerjehamn og sett på statua av den staute Kong Olav. (som vi forøvrig har gått glipp av).
Vi lurte på kor den nærmaste butikken var, og dei forklarte korleis vi skulle komme oss dit. Det som det endte opp med, var at Svein Vidar ville køyre oss til Eivindvik slik vi fekk handle litt småkjaffs. Dette sette vi utruleg stor pris på!:) Takk til begge dei!:)
Vi starta å padle rundt kl 1300 frå Sollibotnen. Vi fekk, igjen, vinden midt i fleisen. Vi padla i litt over ein time, og på den timen padla vi ca 4 km. Det var rett og slett for mykje vind. Ut frå dei vurderingane vi tok, så padla vi inn i ei bukt som heitte Små Vågane. Der va planen og søke ly og vente på at vinden skulle løye.
Når vi hadde kome i land var pri 1 å lade telefonane våre. Dette er først og fremst med tanke på sikkerheita, og slik vi kan gi ein lyd heimover. Og sjølvsagt blogge!;)
Vi hadde ikkje sett eit einaste hus som vi kunne spørje om vi kunne få lade telefonane våre. Vi måtte nemleg lade i hus då solcelle-panelet vårt var heilt tom for batteri.
Etter eit par kilometer ned trasking kom vi til ein fantastisk plass som heiter Dingja. Ein plass vi absolutt vil anbefale å reise til.
Her var ein butikk som er dreven av Åse Vatne. Ei fantastisk kjekk og sprudlande dame. Ho tok gjerne i mot telefonane og sette dei på lading. Vi fekk og kvar sitt pizzastykke. (som smakte heilt nydeleg). Ikkje nok med det, ho ville køyre oss bort igjen til Små Vågane der vi hadde lagt til med kajakkan
All den gjestfriheita sette vi stor pris på. Takk til Åse!:)
No var det å vente på at den vinden skulle gi seg. Det har gått i mykjw soling, disking og avslapping i dage
Klokka var 0000, sola hadde gått ned, vinden hadde så vidt løya og vi fekk trua på å krysse Sognesjøen på ny. Vi it frå Små Vågane, vi stampa fortsatt i motvind (og slik det er sagt, det går seint!!). Vi kom forbi Dinganeset, og håpte på å sjå ein rasteplass øitt lengre framme. Men det viste seg å vere vabskeleg. Det endte opp med at vi snudde og padla inn til Dingja. Her er en gylden refel som gjeld, "Det er inga skam å snu".
Go natt her frå oss tocgutta!:)