tirsdag 29. mai 2012

Tur til Herdla

I helga var vi på kajakktur til Herdla, eller Herdlo, heilt ytst på Askøya. Vi starta turen i sjutida søndagskvelden, i eit fantastisk flott ver! Full sol, og pittelitt vind i mot. Etter tre timar i kajakksetet fann vi ein holme med ei fin stø, og ein flott teltplass. Midtøyna. Her var det eit flott dyreliv, og vi såg skyttergrav etter 2. verdskrig.
Vi åt ein god kveldsmat og fekk fyrt i eit bål, eigentleg berre for å fyre opp eit bål.. Når klokka bikka midnatt pakka vi oss godt ned i soveposane. Det vart ikkje mykje søvn, for vinden auka i løpet av den første timen og ruska godt i teltet.

Vekkerklokka ringte 07.00, akkurat passe tidleg. Vinden var vel på det meste ein liten kuling, heldigvis rett i ræva. Vi la utpå litt over 08.00, og vart raskt godt hjulpne av vinden og bårene. Vi fekk leika med dei største bårene, surfa og herja. Det anbefalast! :) Her fekk vi verkeleg testa kajakkane, og no er begge svært godt fornøgde!
Totalt fekk vi lagt bak oss 40 km, noko som er ei forventa dagsetappe. Kroppane kjennest ikkje altfor stive ut i dag, så vi håper og trur at dette skal gå!

Vi kan konstatere at "heim i medvind" er det aller, aller kjekkaste!

Her er nokre bilder frå turen..

Leirplassen


Nydeleg utsikt!



På veg heimatt.



Poserar ved det nye teltet, Black Diamond Skylight.

14 kommentarer:

  1. Heisann!

    Årre....dokke har hatt ein super duper tur ser eg!
    Å kjempe kjekt å få sjå bilder frå turen:)

    Gleder meg til å fylgje dokke vidare på ferden!

    Lykke til!

    -Randi-

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var ein veldig fin tur! Var på tide med litt bilder no, ja..

      Slett
  2. Bli bra detta der, Vegard å Ove! Ver so snill å time d sann at ej e heime på Fjørtofta når dåkka kjøm i mål! Ska bli spennande å følle me framover :) Lykke tej me forberedelsan!! Stine

    SvarSlett
    Svar
    1. Skal prøve så godt vi kan! :) Hadde vore artig å komt i land på jonsokfeiringa! Er ikkje mange dagane igjen no..

      Slett
  3. To staute kara frå Bergen skal fare,
    Skal padle heimatt mellom tang og tare.
    Dei skal sette kursen i mot nord,
    Trur dei lengta heim åt ho mor.
    Men ein tur som dette er ikkje for alle,
    dei må nok vere litt sprø i sin skalle.
    Men ein ting er sikker, at turen blir fin,
    Med vakker sol og måneskin,
    Med bratte fjell og høge tind,
    Men også stor fare for litt nordavind.
    Dei blir liksom litt sånn "fjordenes helter",
    håpa berre ikkje kajakken velter.
    Nei dette greier dei uten problem,
    å heimatt i medvind til jonsok dei kjem.
    Då gjenstår det berre : LYKKE på reisa,
    når målet er nådd alle flagga blir heisa
    GOD TUR begge to

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det nydelege diktet! :D Kjekt å lese! Men det vi lurer på.. Kven er den dyktige poeten? :)

      Slett
    2. Du kan godt spøre, men vil det ei avsløre

      Slett
  4. Ja, no er det like før... ! Er spent og litt smånervøs (- kanskje dokke er det same? ;-)
    Gler meg til å følgje dokke, håper oppdateringane kjem dagleg, enten her eller der.
    Og husk - ikkje noko tullfære! Sikkerheita først!!

    Klem frå stolt tante og "nesten-tante" :-)


    (Gir ei stjerne til poeten ovanfor - glimrande!)

    SvarSlett
  5. Heilt fantastisk at dåkke gjer sånt, å so flott at dåkke blogga so andre fær ver me på reisa, på en måte! Lykke tej!

    Ellen

    SvarSlett
  6. Før en fin tur dokke ha dokke! :o) Såg no rett kosla ut detta! Håpe dokke fær like bra vèr heile veien oppatt! Å ej sei so ho Stine, ej håpe ej e heime ej mæ når dokke kjøm! :o)
    Å poeten av detta dikte må nøk bære gi sej t kjenne! D va et kjempe flott dikt! :o)

    SvarSlett
  7. Ein dag mindre å måtte vente,
    for oss i familie og andre kjente.
    For merkar at eg er litt spent,
    har verkeleg desse to nok trent.
    Men trur nok vi kan vi ta det med ro,
    på første etappe til Radøyo.

    Kast loss kara !!

    SvarSlett
  8. Kjære deg anonyme!

    Du verden så rørande og super flotte kommentarer du kjem med!!
    Men det nærmar seg no seg eg ;)) Kjekt med sånne poeter i fam!:)
    Gleder meg til neste ....

    1 dag til no Ove og Vegard kaster dokke laust frå kai.....spennande spennande!!
    Måtte dokke kun få gode,minnerike minner for livet ilag!!

    Oss skal heie og heie heile veien på dokke!!

    -Mamma Randi-

    SvarSlett
  9. Berre eit siste råd !

    Det er viktig å passe seg godt på sjøen,
    for sjølv på den ytterste nakne øen,
    er der mange med alt for store båter,
    ja av og til kan ein treffe på yachter.
    For ikkje alle har peiling på kva dei skal gjer,
    om dei vikingar i flotte kajakkar ser.
    Så husk no då å passe på,
    bruk klede med fargar som alle kan sjå.
    Å husk at alle viktige ting som skjer,
    dei må nøysamt skrivast ner.
    Ja enkelt og greitt de må skriva ein logg,
    for etterpå å kunne dele på denne blogg.

    Splitte mine bramseil for ein tur det blir ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi skal passe oss for både båtar, bølgjer og draug,
      det siste vi vil er å støyte på ein diger baug.
      Vi kler oss synleg som få,
      slik at andre oss kan sjå.
      Alt skal loggførast med penn og papir,
      vi skal blogge til fingrane våre svir.
      Det er no under 24 timar til vi tek årene fatt,
      vi skal padle ei lang, fin natt.
      Forhåpentlegvis får vi synnavind,
      då skal dette gå så det grin!

      Ship o`hoi!

      Slett