Vi åt ein god kveldsmat og fekk fyrt i eit bål, eigentleg berre for å fyre opp eit bål.. Når klokka bikka midnatt pakka vi oss godt ned i soveposane. Det vart ikkje mykje søvn, for vinden auka i løpet av den første timen og ruska godt i teltet.
Vekkerklokka ringte 07.00, akkurat passe tidleg. Vinden var vel på det meste ein liten kuling, heldigvis rett i ræva. Vi la utpå litt over 08.00, og vart raskt godt hjulpne av vinden og bårene. Vi fekk leika med dei største bårene, surfa og herja. Det anbefalast! :) Her fekk vi verkeleg testa kajakkane, og no er begge svært godt fornøgde!
Totalt fekk vi lagt bak oss 40 km, noko som er ei forventa dagsetappe. Kroppane kjennest ikkje altfor stive ut i dag, så vi håper og trur at dette skal gå!
Vi kan konstatere at "heim i medvind" er det aller, aller kjekkaste!
Her er nokre bilder frå turen..
![]() |
Leirplassen |
![]() |
Nydeleg utsikt! |
![]() |
På veg heimatt. |
![]() |
Poserar ved det nye teltet, Black Diamond Skylight. |